Ang promotering så har eg tenkt på ein ting. Eg har i fleire år abonnert på Norsk Hagetidend, for meg som tilbringer størstedelen av sommarhalvåret på hodet i hagen så er det eit supert blad. Som veldig mange andre magasin har dei eit par sider i starten av bladet der dei presenteret varer og produkt frå ulike butikkar. Eg har lenge irritert meg over at desse produkta nesten alltid er henta frå utlandske butikkar eller grossistar og ofte er rett og slett kjedelige. Det fins jo som me veit mange dyktige småprodusentar her i landet som kunne trengt litt drahjelp i forhold til marknadsføring!
Så no har eg rett og slett skrive ein mail til Hagetidend der eg legg fram meiningane mine, og linkar til ei rekke produkt på epla som er "hagerelevante", samt til eit par lister som er fine og også litt relevante.
Det fins sikkert mange andre magasin der ute som har lignande sider, og som kanskje ikkje veit om Epla? Eg oppfordrar alle som kjem på nokon til å gjere det samme, skriv til dei, link til aktuelle produkt, kanskje ein tilogmed kan skreddersy ei liste til dei og sende. Kva seier folket?
Her er det eg skreiv til Hagetidend:
"Eg har vore medlem av hageselskapet i mange år, og gler meg kvar gong Norsk Hagetidend kjem i posten. Men over lang tid no må eg innrømme at eg har vore litt skuffa over småplukksidene. Det er forsåvidt ingenting gale med produkta som er plukka ut, men eg skulle ønske det hadde vore fleire ting som var tilgjengeleg for den almenne lesaren. Ofte er det utvalg frå butikkar i utlandet, eller frå grossistar. Eg skulle ønske at Hageselskapet ville hjelpe norske småprodusentar med å nå ut til marknaden, for det er veldig mykje fint og hagerelevant som blir laga rundt om kring i Norges land.
Eg veit ikkje om de kjenner til Epla.no? Dette er ein portal der kven som helst som lagar noko kan opne butikk og legge ut varene sine. Her kan du finne alt frå strikkasokker til designerplagg. Det er svært mange dyktige og profesjonelle seljarar/produsentar på Epla. Her er eit par linkar til produkt som er relevante i hagesamanheng:"
osv osv