Eg har hatt ein bra haust så langt salgsmessig, og det har nok ein klar samanheng med at eg har blitt meir aktiv både i butikken og i andre kanalar etter ein relativt stille vår/sommar. Husk at Epla er ein "teknisk tilrettelegging for at utøvere av kunst, håndtverk og andre som lager egenproduserte og håndlagde produkter som faller inn under Epla sitt virksomhetsområde skal kunne selge sine produkter gjennom nettstedet" (sitat frå brukarbetingelsene).
Som det har vore snakka om ein del har på forumet den siste tida er det opp til den enkelte butikkeigar å selge og marknadsføre tinga sine, og epla gir oss ei tekninsk løysing for å gjennomføre sjølve salget. Om visningstala er lave så må ein kanskje sjå på korleis ein kan få dei opp - f.eks. har mange nevnt på forumet at det å lage lister har god effekt og samtidig gir drahjelp til andre butikkeigarar.
Marknadsføring i andre kanalar som facebook, blogg osv er også effektivt. For meg fungerar facebook veldig bra, der har eg mulighet til å kommunisere direkte med dei som er målgruppa mi og som sjølve har meldt interesse for tinga mine ved å klikke på "liker". Husk også at høge visningstal ikkje betyr noko som helst dersom det ikkje er "dei rette" som er inne og kikker - riktig målgruppe er alfa og omega. Eg synest at det viktigaste eg kan gjøre er å bygge eit godt forhold til målgruppa mi, det gir tydeleg best resultat salgsmessig. Og ikkje minst er det veldig hyggelig!