Joda, ein kan faktisk laste opp bilder sjølv til Pinterest. Klikk på "Add" øverst på menylinja, og velg "Upload" så kan du laste opp bilder du har liggande på di eiga maskin.
Elles så opplever eg iblant at lenker på Pinterest ikkje funkar av ymse årsaker, men eg oppdaga korleis ein kan leite opp igjen linken ved å bruke eit Google bildesøk, kopier/dra bildet over i søkefeltet så får du opp nettsider der bildet er brukt. Og då lar det seg ofte gjøre å finne originallinken. Om det er noko eg repinnar så oppdaterar eg så naturligvis med fungerande lenke. Men det vil jo berre vise igjen på min pin, ikkje på den eg då har repinna.
Eg brukar også Pinterest mykje, og syns det er genialt. Når det gjeld diskusjonen om åndsverk osv som Silje linka til tidligare, så endra Pinterest for ei tid tilbake reglane etter massivt påtrykk frå brukarane. Eg har ikkje heilt klart for meg akkurat no kva som egentlig blei endra men det står vel ganske detaljert om det på Pinterest.com trur eg.