Om Frøken Oma

Velkommen til Frøken Oma!

Her finn du forskjellige varer som har ⓇⒺⒹⒺⓈⒾⒼⓃ og gjenbruksglede til felles.

Følg gjerne butikken min på facebook: www.facebook.com/frkomasredesign

Takk for titten :)

Norsk kreativ design:

Norsk kreativ design er ei nettside som fremjar handlaga frå småprodusentar i Noreg. Eg er så heldig å få vera med der saman med kjekke og dyktige handverkar-kollegar.

Ta ein tur innom bloggen eller facebooksida vår om du likar unike og handlaga ting:

http://norskkreativdesign.com/blogg/

https://www.facebook.com/norskkreativdesign?fref=ts

Fint (tidlegare Eplabiter):

Fint er eit initiativ for å fremja handlaga kvalitetsprodukt frå epla. Er så heldig å få ha med nokre av produkta mine på Fint sine fine lister innimellom, saman med dyktige og kreative kollegaer her inne på epla.

Følg gjerne Fint si facebookside:

https://www.facebook.com/finthandlaget

ANGRERETT:

Angrerettslova vart oppdatert i juli 2014 og gjev kunden rett til å ombestemma seg etter at kjøpet er inngått og produktet er levert. Tidlegare var det ulike reglar om angrerett i EU og EØS-landa, men 20.juli 2014 fekk ein eit felles europeisk sett med reglar, noko som gjer at norske forbrukarar no kan handla på nettet i heile EU-området med 14 dagars angrerett.

Lova går ut på at du som forbrukar har rett til å angra på kjøpet ditt opp til 14 dagar etter at du har motteke vara. Nyttar du deg av angreretten din får du naturlegvis tilbakebetalt kjøpssummen. Du som kunde har då rett på at eg som seljar betalar kjøpssummen attende til deg innan 14 dagar etter at eg har fått vara tilbake igjen.

Det er du som kjøpar som dekkjer eventuelle returkostnadar.

Når du kjøper noko i denne nettbutikken vil du få tilsendt angrerettskjema saman med vara di. Der står det korleis du kan gå fram for å nytta angreretten din.

LEVERING:
Eg held til på Stord, så om du har høve til å henta varene dine her slepp du sjølvsagt å betala porto. Elles vert varene sende med A-post same dag eller dagen etter kjøpet.