Logo

Ukens selger: Jorunn Rage - Rageform

Bilde 1 Bilde 2

Besøk butikken: Rageform

Nye teknikker og materialer inspirerer Jorunn til å prøve nye ting; hva med grytekluter med ferge-ruta på?

Fortell om deg selv, hvem er du?
Eg heiter Jorunn, er 25 år gammal og studerer til master i møbeldesign ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ved sida av studiene formgir eg blant anna produkter som eg sel på Epla.

Hvordan kom du inn på 'den kreative løpebane'?
Som liten hadde eg alltid eit prosjekt på gang, og likte å lage ting av ulike materiale. Eg hadde alltid tilgang til mamma sin syverkstad, og ikkje minst materiallageret, som inneholdt alt mogleg rart; piperensere, tekstiler, papp, leire, måling, perler ... Dette gav meg stor fridom til å skape det eg ville.

Seinere valde eg formgivningsfag då eg tok videregåande i Bergen, gjekk så eit år på Universitetet, før eg endeleg søkte meg inn på Kunsthøgskolen i Bergen.

Hva inspirerer deg?
Eg blir alltid veldig inspirert av å lære nye teknikker. Dess fleire teknikker eg lærer, dess lettare er det å få fram det eg ønsker, og å sjå fleire moglegheiter. Eg simpelthen elskar kursa på skulen der me lærer om teknikker. Det er også veldig spennande å bli kjent med nye materialer, eller kombinere materialer på ein uvant måte.

Hva er tanken bak det du lager og hva er viktig for deg når du lager noe?
God kvalitet og funksjonalitet er svært viktig for meg. Eg vil at det eg lagar skal vare lenge, og at det er noko som folk blir glade i. Porselensknappane kan til dømes brukast til å friske opp og gi gamle plagg eit nytt liv, og dermed bidra til at ting blir brukt lenger.

Hva er ditt beste tips som designer, håndverker eller kunstner?
Lag ting som du sjølv har tru på og bruk tid på å utvikle din eigne stil.

Har du en håndlaget ting du er spesielt glad i? Hva er historien til denne tingen?
Eg er for tida veldig glad i mitt eige produkt: grytelappane med ferja M/F Selbjørnsfjord og tilhøyrande ruter for 2011. Ferja er ein del av sambandet mellom Bergen og den vesle øya Tysnes kor eg har vekst opp. Idéen kom då eg ville lage grytelapper med tilknyting til Tysnes, og tenkte på kva eg assosierer med øya. Det slo meg at ferja er ein viktig del av identiteten, og eg liker korleis folk vert overraska når dei ser motiva på gryteklutane.

Hvilke tre butikker er dine favoritter på Epla, og hvorfor?
Eg har verkeleg sansen for måten På nytt lagar smykker av gamle koppar og kar. Andre favorittar er dei nydelege tøydyra til Blåbær, og dei tøffe t-skjortene til Higren.

Hvilke råd vil du gi til andre som vil åpne butikk på Epla?
Hopp i det, skriv utfyllande produktskildringar og ta gode bilete!


Du kan sjølvsagt følge Rageform på Facebook eller sjå portfolioen min på rageform.com!