VoV Smykker

VoV Smykker

VoV Smykker er ein butikk som sel handlaga sølvsmykker. At dei er handlaga, gjer at det smykket du kjøper er heilt unikt.

"VoV" står for "Ven og Varig": Smykkene skal gjera deg ven og få deg til å "skina litt ekstra".
Det er også viktig at dei er varige: dei er laga av edelt metall og kan vølast (reparerast) om dei blir øydelagde - eller dei kan redesignast dersom du ynskjer noko nytt.

Alle smykkene er laga av 925 Sterling sølv, ofte med enkelte dekorelement av andre metall (til dømes kopar) og ulike steinar og Swarovski krystallar. Smykka blir laga med utgangspunkt i sølvplater, - tråd eller -røyr. Det er ein lang prosess frå start til smykket er klart for bruk: saging, filing, forming, lodding, boring, pussing, polering, eventuelt overflatebehandling og montering av stein. Oksydering av sølvet gjer at smykket endrar heilt karakter og får ei mørk overflate.

Sidan eg er oppteken av verdiar som er varige, jobbar eg også med redesign av gamle smykker eller sølvtøy. Sistnemnde er oftast laga av 830 sølv.

Produkter