Eg har strikka i mange år, først kun til ungane mine. Så, for tre år sidan var eg med på mi første julemesse, og sidan har det berre blitt meir og meir strikking.
Eg strikkar stort sett små prosjekt som ikkje er for tidkrevande, og eg strikkar etter innfallsmetoden, dvs at eg lagar det eg har lyst til. Luer er det eg strikkar mest av, men det dukkar opp andre ting innimellom.
Angående luene, så er det mulig å komme med fargeønsker om du ikkje finn nokon farge du likar.
Ved privat oppgjør for ei vare, sender eg ikkje vara før pengane er på kontoen min.
Takk for at du kikka innom butikken min, eg ynskjer deg ein strålande dag videre! :)