Ringdilla

Velkommen til Ringdilla.
Her vil du for det meste finne ringar, men av og til også litt andre smykker.
Kvar enkelt ring blir laga for hånd, kun med enkle håndverktøy. Alle steg i prosessen blir gjort for hånd, frå start til siste finpuss. Materialet er sterlingsylv(925s) og fintsylv(999s), og av og til bittelitt gull. Kvar ring er stempla med 925, og mitt ansvarsmerke, BK. Smykkesteinane eg brukar, er oftast unike håndslipa naturstein, eller det kan vere fargerike glassteinar, både nye og gamle. Ringane blir til rundt kvar enkelt stein, og det vil aldri bli to like. Målet mitt er å lage funksjonelle ringar som er gode å gå med, i glade fargar som sit på fingeren som ein liten gledesspredar i kvardagen:) Eg har studert folkekunst med hovedvekt på metall ved Høgskulen i Sørøst-Norge, avd.Rauland, og har ein mastergrad i tradisjonskunst.
Veldig hyggeleg at du tek ein titt i butikken min. Ser du noko du likar, så finn du meir praktisk informasjon ved å lese "Om denne butikken", og i beskrivelsen til kvar enkelt gjenstand. Planen er å oppdatere med litt nytt kvar veke, så sjå gjerne innom av og til! Eg legg og ut litt bilder på instagram, så følg meg gjerne der. @ringdilla
Sylvringar - håndlaga i Telemark. Frå mine hender til dine:)

Produkter