Sylvring med rhodolitt
Håndlaga sylvring, med fasettslipa rhodolitt. Steinen er 5mm, og har ein nydeleg djup rosa farge.
Ringbandet er 15mm breidt framme, og smalnar av til ca 5mm bak. Ringen er oksydert for å fram mønsteret og skape liv i texturen.
Størrelsen er 58.5, men sidan ringbandet er ganske breidt, bør ein gå opp ca ein halv størrelse. Dvs. at denne ringen vil passe best til ei som brukar str. 57.5 - 58 til vanleg. Den er open bak, så den kan utvidast littegrann, men eg anbefalar ikkje at kjøparen gjer dette sjølv, sidan den er ganske kraftig i godset.
For å gje glansen i sylvet ein ekstra piff av og til, anbefalar eg å bruke ein tørr sylv pusseklut.