Seleskjørt
Yndig skjørt til ei lita frøken
Storleik: 4 år
Skjørtet er strikka i Lerke frå dalegarn, og har vakre sølvknappar. Dale Lerke består av 52% merinoull og 48% bomull, og det gjer dette til eit skjørt som kan brukast heile året. Om sommaren er det fint saman med ein søt topp, og om vinteren med tjukke strømpebukser. Skjørtet passar godt både til kvardag og fest.