KATT MED BALL - kjole i ullfilt, 1 1/2 - 4 år
Kjole laga i offwhite ullfilt - med applikasjonar i rosa ullfilt .
Hekla med rosa babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Lengd : 50cm.
Brystvidde: 63 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!