LASTEBILEN, vest i ullfilt, 2- 4 år
Vest laga i mellomblå ullfilt med applikasjonar i brun ull :
Ein liten lastebil er applikert framme på brystet og ein stor bak på ryggen.
Vesten har v-hals.
Kantar hekla i fastmaskar i brun babyull nede og rundt hals- og ermehol.
Lengd: 36 cm.
Brystvidde: 64cm.
Vesten er fin over ei penskjorte, men er også svært kjekk å ha over ein tynn gensar/t-skjorte når poden absolutt skal kaste jakka - "for det er no så varmt ute, at!"
Denne fargen er svært fin til dongeri, og!
Vesten kan vaskast på ullprogram - rettsida inn - eller du kan handvaske han.
Ta gjerne kontakt om du har lyst på ein vest i ein annan storleik/farge eller med andre motiv!