ENKEL, MEN DOBBEL, XV, Retro/Turkis
Her får du to vesker i ei!
Veska er sydd slik at du kan bruke henne på begge sider.
Den eine sida har mønster i grønturkise nyansar og kvitt (gamalt, ubrukt stoff).
Den andre sida er turkis med kvite og lime firkantar og strekar. Denne sida har ei stor (like stor som veska) glidelåslomme (turkis glidelås). Denne blir ytter- eller inner-lomme, alt etter kva side av veska du har ut.
Veska har knappelukking med hempe. Knapp på begge sider.
Hanken er sydd på ein litt finurleg måte, slik at veska ligg fint inntil kroppen, spesielt når du ber henne "i kryss".
Både veska og hanken er vattert.
Veska har god plass, td. til ein A4-perm eller ein laptop.
Lengd: 36 cm
Breidd: 33cm
Botn: 6 cm x 26 cm
Lengd på hanken: 105 cm