I SOPPSKOGEN - kjole i bomull, 3-5 år
Kjole i bomull.
Hekla,turkis berestykke - med lime picot-kantar (bomulls-tråd).
Jojo i lime med kvite prikkar og rosa knapp på fronten.
Knappelukking på ryggstykket.
Skjørtedelen er i bomullsstoff med fargerike soppar, tre, blomar - og er det Raudhette?
Lengd frå skuldra: 68 cm.
Brystvidde: 63 cm.
Vidde på skjørtet nede: 138 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge. Han er like fin når han er rekk under kneet som når han er over.
På varme dagar er han fin med ingenting under, men kan også brukast med ein topp eller ei T-skjorte under.
Vaskast på 40 grader. Strekk den hekla delen i fasong medan han er våt.