MARIHØNA - rund og raud veske i bomull
Veska er laga raudt bomullsstoff med store svarte prikkar.
Den eine sida er eigentleg ei stor lomme med glidelås i midten.
Kanten rundt har to glidelås som møtest på midten oppe.
Hankane er i svart bomull, vattert og bretta. Dei er så lange at du kan bere veska over skuldra, eller du kan ha henne på armen.
Veska er vattert og fora.
Innvendig er der ei lomme.
Diameter :33 cm
Kant/side: 5 cm x 103cm
Lengd på hankar: 61 cm