THE LONG AND WINDING ROAD - stor veske
Den Beatles-inspirerte veska er laga av grovvevd bomull og lin.
Hovedstoffet har ulike "folkevognbussar" i rosafargar, lime og beige. Kantane er i rosa (cerise) lin. Botn og hankar er i lime lin.
Inni er veska fora med ubleika bomullsstoff. Lommer i lime og rosa.
Veska er quilta med vatt imellom. Botnen er ekstra vattert, så han er stiv. Også den innvendige botnen er vattert.
Hankane er stappa med vatt.
Veska har glidelåslukking.
På den eine sida er teksta "BABY YOU CAN DRIVE MY CAR" frihandsbrodert.
Den andre sida har teksta "THE LONG AND WINDING ROAD" frihandsbrodert.
Mål:
Høgd: 38 cm
Breidd (oppe): 47 cm
Botn: 30 cm x 17,5 cm
Hankar: 67 cm