Vognrangle - tre glade ugler
Tre kjekke ugler på ei snor.
Laga i gjenbrukt bomullsstoff. Uglene har tydelege auge som appellerer til dei aller minste, føter av satengband til å fikle med når barnet er litt eldre, og bjelle som lagar ein svak lyd for dei som har lært å riste. Uglene er fylte med vatt.
Vognrangla er kvalitetstesta av dottera mi, hennar vognrangle har vore elska og brukt i eitt år, og held seg like fin!
Augene og nebbet er sydd for å sitte godt fast, men som med alle leiker til små barn vil eg anbefale at ein innimellom sjekkar at desse smådelane ikkje har løsna.
Uglene måler ca 8 cm i breidda og 13 cm i lengda. Snora er omtrent 50 cm. Er den for lang, kan den klippast til ønska lengde.