TRAKTOREN - kjole i ullfilt, 6 - 9 år
Kjole laga i "dongeriblå" ullfilt - med applikasjonar i lime ullfilt .
Eit "stjerneband" slyngjer seg frå hjertet til traktoren og vidare til to hjerte bak på kjolen.
Hekla med lime babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Lengd : 72cm.
Brystvidde: 72 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!