"BLOMSTERBILEN PÅ VEG"-kjole, str L
Denne kjolen er sydd av ulike materiale.
Ryggstykket er sydd av oransje stretch chenille med kvite små stjerner, frå S&S. Bryststykket er sydd av vinrød viskosejersey, frå S&S. Ermene er sydd av korallraudt sportstretch-stoff, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit blomstrete syntetisk vintagestoff. Dette vinatagestoffet er òg brukt som ermekantar. Halskanten har fått ein stor "laus" krage, som skal henga litt "tilfeldig"
På bryststykket er det applikert på ein søt liten blomsterbil med svarte knappar til hjul.
3/4 lange ermer
Str L (ca 42/44) Kan nok brukast av ein rein 44- str òg, då det er god stretch i overdelen!
Mønster: mitt eige
vask 40 grader