BALLONGAR, II - kjole i ullfilt, 18 mnd - 4 år
Kjole laga i rosalilla ullfilt - med applikasjonar i mørkrosa ullbouclé .NB! Fargen er meir rosa - både på kjolen og motivet-enn eg får fram på biletet
Hekla med rosalilla babyullgarn på nedkanten og mørkrosa rundt hals og ermehol.
Lengd : 50 cm.
Brystvidde: 65 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!