KJOLE I LILLA OG RØDT, str L /XL
Kjolen er sydd av både nytt stoff og vintage stoff.
Bryststykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein rød/brun glitrande syntetisk vintagetopp, kjøpt på Fretex. Ermene er sydd av rød og beige mønstra crimpelinstoff, frå 70-talet.
Skjørtedelen og ryggstykket, er sydd av lilla isoli (collegegensar-stoff), frå S&S.
Kjolen har fått ein blomeapplikasjon på venstre framside og ein glitrande sommarfugl på ryggen:)
På skjørtekanten og rundt ermeopningane er det sydd på lilla stretchblonde.
I halsopninga er det sydd på oransje courtelle, frå S&S.
Kjole som er fin å bruka både til kvardags og fest.
Mønster: mitt eige
Str. L/XL (ca 44)
Lengde: ca 98 cm
Vask 40 grader