SVART KJOLE MED STRIPER OG STJERNE, str L
Kjolen er sydd av svart courtelle (tjukt jerseystoff), frå S&S. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein stripete polyester-stretch topp, kjøpt på Fretex.
Halskant og ermekantar er kanta med same same svarte stoffet som er brukt i kjolen. På bryststykket er det applikert på ein stjerne m/ ein lysegrøn knapp sydd på i midten. Rundt skjørtekanten er det sydd på ei grøn kroklisse i bølger. Det er applikert på ein liten trekant bak og nederst på venstre side.
Kjolen har 3/4 lange ermer.
Kjolen er fin å bruka både til kvardags og fest:)
Str. L (42/44)
Lengde: 98 cm
Mønster: mitt eige
Vask 40 grader