FINKJOLE i BLÅTT, str L
Dette er ein kjole som er stdd i ulike syntetiske stoff.
Ryggstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein mønstra topp, kjøpt på Fretex. Framstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein glitrande blåmønstra topp, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er sydd av eit blågrønt syntetisk vintagestoff. Ermene er sydd av eit gamalrosa blondestoff, frå S&S. Øvredel av ermene er sydd av eit svart stretchstoff med blanke sølvfarga prikkar, som er limt fast på stoffet, frå S&S.
I halskanten er det sydd på ein brei svart kant, som skal leggja seg laust og "tilfeldig":)
Kjolen er fòra i skjørtedelen.
Det er sydd på ein rund applikasjon på framsida av kjolen.
Str. L (42/44)
Mønster:mitt eige
PS
Kjolen er brukt 2-3 gonger av underteikna, difor er prisen litt redusert.