KJOLE MED VAKRE BLOMAR, str. L
Denne kjolen er litt redesign, då det bl.a er brukt gjenbruksmateriale frå nye ubrukte kjolar. Midtstykket framme og ryggstykket er eit blomstrete litt kraftig stretchstoff frå ein ny ubrukt kjole, kjøpt på salg.
Sidestykka på framsida er sydd av lilla jerseystoff frå ein annan kjole, kjøpt på salg!
Nedre del av bakstykket er svart courtell (litt kraftig stretchstoff), frå S&S. Ermene er sydd av stoff frå ein viskosejerseytopp, kjøpt på salg. I halsopninga er det sydd på ein brei raud blondekant, som kan brettast ned "litt tilfeldig". Ermekantane er kanta med same blondestoffet som halskanten.
Det er sydd på ein svart kant rundt skjørtekanten.
Kjolen er fin å bruka både til kvardag og fest:)
Str. L (ca 42/44)
Mønster: mitt eige
Vask 40 grader