KJOLE MED UGLE PÅ BRYSTET, str L
Denne kjolen er sydd i varme og fine oransje og vinraude tonar. Bryststykket er sydd av "brent" oransje stretch chenille, frå S&S. Ryggstykket er sydd av vinraudt jerseystoff, frå S&S. Ermene er sydd av oransje jersey, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit vintagestoff, som har hatt eit tidlegare liv som gardinlengd.
Kjolen har fått ein ugleapplikasjon på brystet, og ein blomeapplikasjon på ryggstykket.
Halskant og ermekantar er kanta med same stoffet som er brukt på ryggstykket.
Vask 40 grader
Str. L (ca 42/44)
Lengde: ca 94 cm
Mønster: mitt eige