KATTA VÅR - veske i lin

Hovudstoffet er av naturfarga lin og har trykk med ulike kattar i svart og nokre små detaljar i raudt.
Kantane og botnen er i svart lin. Mellom motivstoffet og kantane er det biser i raud lin.
Hanken er i naturfarga lin med raude prikkar og svart lin. Hanken er vattert og sterk.

Veska er vattert og fora.
Den ovalforma botnen er ekstra vattert.
Veska har glidelåslukking.
Innvendig er der ei dobbellomme, den eine med glidelås.

Dette er ei relativ stor veske - med god plass til td. ein A4-perm m.m.
Veska har så lang hank at ho kan berast "i kryss".
Høgd : 41 cm
Breidd: 33 cm
Botnen: 27 cm x 9 cm
Lengd på hank: 100 cm


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 610325 | lagt til: 14.04.2013

kr 450,-

Flere produkter fra Lappelina