UGLEFLOKK - veske i lin
Hovudstoffet er av naturfarga lin og har trykk med ulike ugler i svart.
Kanten nede og botnen er i svart lin. Kanten oppe er i naturfarga og svart lin.
Hankane er i naturfarga og svart lin. Dei er vatterte og sterke.
Veska er vattert og fora.
Innvendig er der ei dobbellomme, den eine med glidelås.
Veska er perfekt til ein liten bytur; du har plass til ei avis eller eit magasin og mykje meir. Skal du ut ein kveld, har du god plass til td. ei vinveske og penskoa og endå meir.
Lengd: 40 cm
Omkrins: 50 cm
Botn: 6 cm x 18 cm
Lengd hankar: 89 cm