FESTKJOLE I SVART OG KNALLROSA, str L
Dette er ein redesignkjole i sterke flotte fargar.
Bryststykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein svart syntetisk glitrande topp, kjøpt på Fretex.
Ermene er sydd av eit syntetisk frynsestoff, frå S&S.
Ryggstykket er sydd av eit svart syntetisk sportstretchstoff, kjøpt på min lokale stoffbutikk.
Skjørtedelen er gjenbruksstoff frå ein svart syntetisk retrokjole med flott fargerikt mønster, kjøpt på Fretex.
Halskant er kanta med same stoffet som i skjørtedelen.
Dette er ein kjole som er fin å bruka til ein festleg anledning eller dersom ein vil ha litt "glamour " i kvardagen så kan den fint brukast kortid som helst:)
Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm
Vask 40 grader
Mønster: mitt eige