"GREEN FLOWERS"- kjole, str L
Denne kjolen er sydd i fleire delar. Midtstykket på framsida av kjolen er sydd av eit lys brunt vintage stoff med store grøne sirkelforma blomar. Sidestykka og ryggen er sydd av mørkblå stretch dongeri, frå S&S. Ermene er sydd av eit grønt vintage dynetrekk med små blomar. Kjolen har fått ei lang alvehette som er sydd av eit beige stretchstoff med bladmønster i sjølve stoffet. Hetta er fòra med same stoff som er brukt på ermene. Hettekant, ermekantar og skjørtekant er kanta med lilla ribb, frå S&S.
Kjolen har god passform.
Vask 40 grader
Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm