"ROSER ER RØDE"- kjole, str L/XL
Denne kjolen er sydd i behagelege stretch stoff.
Sidestykka og ermene er gjenbruksmateriale frå ein ny kjole i polyester/viskose- liknande stretch stoff,kjøpt på salg.
Det burgunder-raude stoffet er jersey courtelle, frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med burgunderfarga gjenbruksmateriale frå ein stretch velourkjole.
Skjørtekanten er kanta med same stoff som deler av kjolen er sydd i.
God stretch i stoffa, så kjolen vil passa både ein str 42/44 og ein str 44+ (kjem an på kor inntilsitjande kjolen skal vera)
Str. L/XL (44)
Lengde: ca 98 cm
Vask 40 grader
Mønster: mitt eige