PETROLBLÅ STRETCH CHENILLE-kjole, str L
Dette er ein mjuk og god kjole, sydd av strech chenille og viskose jersey.
Bryststykket og skjørtedelen er sydd av petrolblå stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av olivengrøn stretch chenille, frå S&S. Ryggstykket og nedre delen av ermene er sydd av mønstra viskose jersey, frå Jofotex.
På bryststykket er det sydd på ein stor kvit knapp.
Halskanten har fått ein lang "polohals" som kan brettast ned.
Skjørtekanten er kanta med eit off-white blondeband, frå S&S.
Kjolen er fin å bruka både til kvardag og fest:)
Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm
Vask 40 grader