KATTUNGE MED NØSTE II- ullfiltkjole, 4-7 år
Kjole laga i lilla ullfilt - med applikasjonar i lys lilla ullfilt .
Hekla med lys lilla babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Eg får ikkje heilt fram fargen i vinterlyset. Han er meir lilla enn han ser ut til.
Lengd : 61 cm.
Brystvidde: 66 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!