LYSEBLÅ FLEECEKJOLE m/cup-cake ermer, str L
Dette er ein mjuk og deileg fleecekjole sydd av lyseblå polarfleece, frå S&S. Ermene er sydd av eit lyseblått jerseystoff med små cupcakes, frå S&S.
Ermene er 3/4 lange. Kjolen har fått ei raud kroklisse som går i bølger rundt nedre skjørtekanten. Og det er applikert på små cupcakes her og der:)
Nede på høgre framside av kjolen er det sydd på ei kvit hekla brikke med ein cupcake plassert i midten, som prikken over i'en.
Ermekantar og halskant er kanta med raud ribb, frå S&S
Fleecekjolen er lun og god å ha på, og den kan brukast med smal dongeribukse under, eller ein tights eller ei tjukk strømpebukse.
Vask 40 grader
Str. L (42/44) God stretch i fleece-stoffet
Lengde: ca 91 cm