Stilfull kjole i raudt og beige, str 42
Dette er ein enkel og stilfull kjole, som er sydd av eit tynt raudt syntetisk stretchstoff med mønster av store off-white farga blomar, frå S&S.
Kjolen er fòra med eit lilla sportsstretchstoff, òg frå S&S. Dette stoffet går litt nedom det raude stoffet for å få ein fin effekt.
Halskanten er sydd av eit beige syntetisk stretchstoff, frå S&S. Halskanten skal liggja litt "laust og tilfeldig" bretta. Nedre del av ermene er same stoffet som i halskanten.
Kjolen har lange smale ermer nederst.
Str. 42
Lengde: ca 95 cm
Vask 40 grader