*SALG* KJOLE MED RØDE PRIKKAR, str M FØR: 795,- NO 595,-
Dette er ein kjole som er sydd i stretch stoff. Midtstykket framme er grøn stretch chenille med raude prikkar, frå Jofotex. Sidestykka er sydd av eit raudt jerseystoff, frå S&S. Ryggstykket er 3delt og sydd av eit grønt jerseystoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit rosa vintage chiffonstoff med grønt,gult,lilla og raudt blomemønster. Ermene er 3/4 lange og har litt "puff" ved skuldrene.
Halskant og skjørtekant er kanta med same raude stoffet som i sidestkkene på framsida av kjolen.
Kjolen blir fin både som julekjole og som ein finkjole ellers i året. Den lyser opp og er ein ordentleg gla'kjole:)
Str. M (40/42)
Lengde: 91 cm
Vask: 40 grader
Mønster: mitt eige