3 <3 - ullfiltkjole, 6-10år
Kjole laga i svart ullfilt - med applikasjonar i cerise ullfilt . Frå hjertet framme slyngjer eit "stjerneband" seg til to hjerte på baksida av kjolen.
Hekla med cerise babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Lengd : 76 cm.
Brystvidde: 74 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Kategorier:Klær og Sko → Kjoler og skjørt, Klær og Sko → størrels