FLASKEGRØN KJOLE, str 42
Denne kjolen har fått namnet sitt etter fargen på skjørtet. Det er nemleg sydd av eit flaskegrønt cordfløyelsstoff. Overdelen er sydd ev eit fargerikt mønstra jerseystoff, frå S&S. Nedre del av ermene er sydd av eit hekleliknande stoff i burgunder fargar, frå Jofotex.
Halskant er kanta med vinraudt jerseystoff, frå S&S.
Skjørtedelen har fått nokre runde applikasjonar (2 framme på høgre side, og ein bak på venstre side)
det er òg sydd på ei sølvfarga kroklisse i bølger, frå S&S.
3/4 lange trompetermer.
Str 42
Lengde: 94 cm
Vask 40 grader
Mønster: mitt eige