HARLEYEN- ullfiltvest str. 4-6 år
Vest laga i grå ullfilt med applikasjonar i svart ullfilt :
Ein liten motorsykkel framme på brystet og ein stor bak på ryggen.
Vesten har v-hals.
Kantar hekla i fastmaskar i svart babyull.
Lengd: 37,5cm.
Brystvidde: 67 cm.
Vesten er fin over ei penskjorte, men er også svært kjekk å ha over ein tynn gensar/t-skjorte når poden absolutt skal kaste jakka - "for det er no så varmt ute, at!" Fargen er svært fin til dongeri.
Vesten kan vaskast på ullprogram - rettsida inn - eller du kan handvaske han.
Ta gjerne kontakt om du har lyst på ein vest i ein annan storleik/farge eller med andre motiv!