TRAKTOREN - ullfiltvest str. 6-8 år

Vest laga i blå ullfilt med applikasjonar i mørkbrun ullfilt :
Ein liten traktor framme på brystet og ein stor bak på ryggen.
Vesten har v-hals.
Kantar hekla i fastmaskar i mørkbrun babyull.
Lengd: 44 cm.
Brystvidde: 71 cm.

Vesten er fin over ei penskjorte, men er også svært kjekk å ha over ein tynn gensar/t-skjorte når poden absolutt skal kaste jakka - "for det er no så varmt ute, at!" Fargen er svært fin til dongeri.

Vesten kan vaskast på ullprogram - rettsida inn - eller du kan handvaske han.

Ta gjerne kontakt om du har lyst på ein vest i ein annan storleik/farge eller med andre motiv!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 543549 | lagt til: 26.09.2012

kr 270,-

Flere produkter fra Lappelina