FARGERIK KJOLE MED UGLER, str L (42/44)
Dette er ein morosam kjole som er sydd av ulikt materiale.
Bryststykket og ryggstykket er eit lysegrått jerseystoff med mange små fargerike ugler på, frå Jofotex.
Ermene er sydd av eit hekleaktig stoff i burgunderraude fargar, òg frå Jofotex.
Skjørtedelen er sydd av gjenbruksmateriale frå eit burgunderlilla syntetisk vintage skjørt. Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb, frå S&S.
Kjolen har 3/4 lange ermer.
Kjolen er unik, då det kun er ein av denne:) Slik er det med alle mine kjolar, ingen er like!!
Str. L (42/44)
Vask 40 grader
Mønster: mitt eige