SEINSOMMAR - kjole i ullfilt, 4 - 7 år
Kjole laga i cerise ullfilt - med applikasjonar i ullfilt .
Hekla med lime babyullgarn på nedkanten og cerise babyullgarn rundt hals og ermehol.
Lengd : 66 cm.
Brystvidde: 63 cm.
Kjolar til 2 systre? Der er ein lik kjole i storleik 18 mnd.-4 år.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!