Rangle - ei raud ugle
Ei kjekk leike-ugle, ny i uglefamilien min.
Laga i gjenbrukt bomullsstoff. Ugla har tydelege auge, føter av satengband som er gode å fikle med, og bjelle som lagar ein svak raslelyd. Ugla er fylt med vatt.
Ugla er ca 15 cm lang, og 9 cm på det breiaste. Handtaket er ca 3 cm tjukt og diameteren på holet er ca 3 cm. Rangla passar godt i ei lita hand.
Augene og nebbet er sydd for å sitte godt fast, men som med alle leiker til små barn vil eg anbefale at ein innimellom sjekkar at desse smådelane ikkje har løsna.