Kjole i raudt og lilla med mange stjerner, str L
Denne kjolen er sydd i jerseystoff og er herleg å ha på. Bryststykket og ryggstykket er sydd av eit lilla jerseystoff med litt struktur i stoffet, frå MG-tyger.
Resten av kjolen er sydd av eit raudt jerseystoff med kvite stjerner. På ryggstykket er det sydd på ein svart glidelås, som pynt.
Ermekantar og halskant er kanta med raud ribb, frå S&S.
Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm
Vask: 40 grader
Mønster: mitt eige
PS Då kjolen er brukt av underteikna 1 gong, så er prisen litt redusert.