KJOLE MED BLOMAR OG FUGLAR, str L
Denne kjolen er i blått og turkis. Bryststykket og ryggstykket er turkis stretch chenille, frå Jofotex. Ermene er sydd av eit jerseystoff med søte små fuglar og blomar, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit blått bomullsstoff med store lyseblå og grøne blomar. Stoffet er vintage, og kjøpt på Fretex.
Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb, frå S&S. Skjørtekanten har fått ein fin off-white blondekant.
Kjolen er fin og bruka til vår og sommarkjole, men kan sjølvsagt brukast når det blir litt kaldare òg, med ein langerma topp inni:)
Vask: 40 grader
Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm
Mønster:mitt eige