GRØN KJOLE MED SØTE KATTAR, str L
Dette er ein deileg og mjuk kjole i ein flott knall grønfarge.
Bryststykket er mønstra viskosejersey, frå Jofotex.
Resten av kjolen er sydd av grøn stretch frottè, frå Jofotex.
Ermekantar og halskant er kanta med grøn sportstretch stoff, frå S&S.
Skjørtekanten er kanta med same stoff som i bryststykket.
Kjolen har fått ein liten katt applikert på framsida av skjørtedelen. Og på baksida er det applikert på to søte leikande kattar.
Dette er ein kjole å bli glad av og glad i, trur eg:)
Str. L (42/44)
Lengde:96 cm
Vask: 40 grader
Mønster: mitt eige