SOMMARKJOLE MED SØTE SMÅ BLOMAR, str L
Dette er ein herleg sommarkjole i friske fargar. Ryggstykket er turkis stretch chenille,frå S&S. Bryststykket er gjenbruksstoff, frå ein raud syntetisk vintage kjole, kjøpt på Fretex.
Ermene er sydd av eit svart blondestoff med små raude blomar, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit lysegrønt bomullsstoff med raude blomar med turkise og gule prikkar i midten. (sjå detaljbiletet av skjørtedelen for å få rett inntrykk av grønfargen)
Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb, frå S&S.
Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm
Vask: 40 grader
Mønster: mitt eige