"FUNNY SUMMER-DRESS", kjole str L (42/44)
Dette er ein litt morsom og litt barnslig sommarkjole, for den som ynskjer å skapa litt humor og glede i kvardagen.
Kjolen har eit fargerikt viskosejersey stoff som bryst- og ryggstykke. Ermene er sydd av rosa stretch chenille, begge stoffa frå S&S.
Skjørtedelen er eit kvitt bomullsstoff med artige teikningar av ulike fargerike dyr. Dette stoffet har opprinneleg vore ei gardin, kjøpt på Fretex.
Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.
Str. L ( ca 42/44)
Lengde: ca 95 cm
Vask: 40 grader
Mønster: mitt eige