"BLOOMING-STAR"-kjole, str L (42/44)
Kjolen er sydd av ulikt materiale. Bryststykket og ryggstykket, er stretch chenille i turkis og grå, frå S&S.
Ermene er sydd av eit mørke blått blondestoff, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er eit nydeleg syntetisk vintagestoff i herleg turkis og blått/grått blomstrete mønster.
På bryststykket er det applikert på ei flott limegrøn stjerne med litt blåe blomar. Har sydd på ein flott turkis vintageknapp i midten på stjerna.
Halskant er kanta med turkis ribb, frå S&S.
Denne kjolen kan brukast heile året,og når det blir kaldt på ermene, er det fint å ha ein langerma topp inni:)
Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm
Vask: 40 grader