FARGERIK KJOLE MED PRIKKAR OG STRIPER, str XL (44/46)
Dette er ein fargerik kjole til ei fargeglad dame:)
Bryststykket er sydd av varm oransje stretch chenille, frå S&S.
Ryggstykket er sydd av gjenbruksstoff frå ein stripete syntetisk topp, kjøpt på Fretex.
Ermene er sydd av viskose jersey, frå Jofotex.
Skjørtedelen er sydd av eit off-white bomullsstoff med flotte store prikkar i ulike fargar. Dette stoffet har tidlegare vore ei gardin.
Kjolen har fått ein fin aprikosfarga blonde sydd på under bryststykket.
Halskant og ermekantar er kanta med oransje ribb, frå S&S.
Str. XL (ca str 44/46)
Lengde: 94 cm
Mønster: mitt eige
Vask: 40 grader