"BLÅE SKYER MED HJARTEDRÅPAR"-kjole, str L
Dette er ein festleg kjole i blått.
Bryststykket er eit kvitt syntetisk vintagestoff,med blåe skyer, rosa hjartedråpar og paraplyar.
Ryggstykket er viskosejersey i knallfargar, frå S&S.
Ermene er sydd av rosa bomullsjersey, frå MG-tyger.
Skjørtedelen er sydd av eit litt kraftig blått bomullsstoff,frå S&S.
Ermekantar og halskant er kanta med rosa ribb,frå S&S.
Kjolen har fått ei fin rosa stjerne,som applikasjon på skjørtedelen, med ein grøn vintageknapp inni.
Det er sydd på ei lysrosa kroklisse i bølger, rundt skjørtekanten på kjolen.
Str. L (42/44)
Mønster: mitt eige
Vask 40 grader